Bygget til banken er utforma i nyrenessansestil, som understrekar respekten for ei slik institusjon. Difor har det vore svært viktig at resultatet både er moderne og funksjonelt, samstundes som det harmonerer med bygget sitt historiske uttrykk.
Tre rom på loftet er omgjort til eit møterom og ein kantine. Roma kan enten brukast kvar for seg eller koplast saman ved hjelp av ei tofløya dør ved behov. Møblar og kjøken er nøye valt med tanke på den utfordrande takhøgda, og difor haldne låge (inkludert kjøleskap og frysar).
For å skape ei romsleg kjensle i loftsroma, som har skråtak og vindauge med avgrensa dagslys, har vi valt ein kombinasjon av tilstrekkeleg takbelysning, vegglampar og pendellampar. Denne løysinga gjev moglegheit til å justere stemninga i rommet etter bruken.
Fargar har spela ei viktig rolle i prosjektet. Grøn er hovudfargen i begge roma. Møterommet er utforma med ein sober og respektfull tone, med skinnstolar og reine overflater i trefargar. Kantina, som fungerer som eit samlingspunkt for tilsette, har ein meir koseleg og livleg atmosfære. Terrakottafarga stolar skapar ein god kontrast til det grøne kjøkenet, saman med pendellampar i ulike former i svart.