Inne på Kårhuset

Sted

Voss

Status

Ferdigstilt 2023

Category
INNE

Plassert i vakre naturomgjevnader høgt oppe på fjellet, har dette kårhuset eit fantastisk utgangspunkt for å vere ein unik stad å bu. Kunden var modig, og vi er svært glade for det, for saman har vi klart å skape eit fargerikt og innbydande interiør. Kjøkenet, som er ein del av stova, har ein sterk blågrøn farge som står i kontrast til dei mjuke, varme jordfargane som dominerer stoveområdet. Peisen, som står midt i rommet, har eit friforma design som straks fangar blikket når ein kjem inn. Han skapar òg ei naturleg oppdeling av rommet mellom sofa- og spiseområdet.

 

Hovudbadet står i kontrast til hovuddelen av huset. Her er fargane dempa til brune jordtonar og raude nyansar på terrakottaflisene. Dette er eit bad der ein kan slappe av og få ei kjensle av ro og velvære.