Voss
Mulighetsstudie
Mogelegheitsstudie av kvartal på Vangen som viser ombygging av typiske etterkrigshus i Uttrågata inn mot Hestavangen. Hestavangen si form er mykje eldre enn enn reguleringsplanen frå 1945, men i denne planen vart Hestavangen framheva som det sentrale og viktigaste uterommet på Vangen. Småbyen sitt hjarta, om ein vil. Me har sett på 3 forskjellige alternativ for utvikling. Fyrst eit forsiktig forslag med begrensa moglegheit for utnytting, men der ein spelar på opprinneleg uttrykk. Andre forslag viser større grad av utnytting med nytolking av den vertikale retningen gavlfasaden har i dag. Tredje forslag er ei annleis takform som me ikkje har sett på Vangen før, samstundes er det kanskje den forma som best inkluderer og skapar samanheng. Utforminga vil kunne skape heilskap i dagens sitausjon framfor likskap til det som er. Etter vårt syn bør Uttrågata ikkje vere ei dårleg utgave av Vangsgata, men kanskje heller by på eit mangfald som framhevar Vangsgata sitt einheitlege preg.