Archive

Tilbygg og ombygging av eksisterande hus frå 70-talet. Nytt inngangsparti med garasje og vaskerom. Lese- og lytterom i 2. etg. Interiør i eksisterande stove fornya. Nye volum utført med flate tak og ståande kledning/spiler. Tropp opp til leserom er plassbygd, og fungerer som eit møbel...

Totalrenovering av eksisterande hytte og nytt tilbygg. Takformer og arkitektonisk uttrykk fornya med fokus på tilpassing til terreng og landskap. Takvinkelen fyljer i stor grad hellinga på landskapet slik at ein unngår store fasadeflater mot sjøen. Eit stort vindauge i stova opnar seg mot utsikta...

Fortettingsprosjekt i eksisterande bustadfelt. Fire einebustader plassert i ein situasjon mellom kryssande vegar og etablerte bustader. Tomta har ei form som har prega utforminga av bygga. Hovudformene er tradisjonelle med saltak og storleik som refererar til bustadfeltet rundt, men voluma har blitt kutta og justert...

Bustad i skrått terreng med helling rett mot syd. Bygget har eit skrånande tak i same retning som terrenget og to inntrekte uteplassar. Takforma er optimalisert for montering av solfangarar med ei stor skrå flate mot syd, og vindauge mot beitemark i nord.  Ein del...

Tilbygg til einebustad.   Tilbygget ligg vinkla ut frå eksisterande bustad og skapar eit uterom i ly frå den kalde austavinden men eksponert for kveldssola. Uttrykket er moderne og enkelt og i kontrast til den tradisjonelle eksisterande bustaden. Det er lagt vekt på å trekka det store landskapet...