Bustad i skrått terreng med helling rett mot syd. Bygget har eit skrånande tak i same retning som terrenget og to inntrekte uteplassar. Takforma er optimalisert for montering av solfangarar med ei stor skrå flate mot syd, og vindauge mot beitemark i nord. Ein del er vinkla slik at volumet skapar ly for den kalde austavinden på tomta. Den vinkla delen av bygget ligg på eit lågare nivå slik at det vert god kontakt til terreng og hage.
Voss
Skisse, Ikkje gjennomført