Haugamoen, Voss
Under oppføring
Fortettingsprosjekt i eksisterande bustadfelt. Fire einebustader plassert i ein situasjon mellom kryssande vegar og etablerte bustader. Tomta har ei form som har prega utforminga av bygga. Hovudformene er tradisjonelle med saltak og storleik som refererar til bustadfeltet rundt, men voluma har blitt kutta og justert ut i frå dei fysiske begrensningane på tomta. Dei er og optimaliserte i forhold til sol og lysforhold. Dette gir bygga ein eigen karakter der det tradisjonelle kjem saman med noko nytt som kan overraske og skape dynamikk.
Bygga står tett, og skapar saman eit felles uteområde skjerma for kalde vindar frå aust. Mot syd og vest er det ope med gode solforhold dag og kveld. Kvar bustad har og sin private uteplass.