Om prosjektet Lukk

Søk

Bustad

Tilbygg på Nadlane
Tilbygg på Nadlane

Tilbygg til einebustad

Tilbygget ligg vinkla ut frå eksisterande bustad og skapar eit uterom i ly frå den kalde austavinden men eksponert for kveldssola. Uttrykket er moderne og enkelt og i kontrast til den tradisjonelle eksisterande bustaden. Det er lagt vekt på å trekka det store landskapet inn i dei private romma, skapa eit naturleg og inviterande inngangspart og knyta inne- og uterom betre saman.

Inneromma er henvendt mot Vangsvatnet og utsikta til dalføret mot aust. Soveromsdelen er trekt inn i ein vinkel frå hovudforma for å skapa ei privat lufteterrasse skjerma mot naboar.

Siklinjene i bygget er viktige. I inngangspartiet ser ein gjennom bygget og opp på gråsida. Frå kjøkkenet ser ein gjennom heile tilbygget og ut mot havet.

I det mest beskytta området av uterommet er det lagt til rette for spisebord og utekjøkken med overbygd pergola.

  • StedNadlane, Voss
  • StatusUnder bygging