preloader image
Søk Lukk

Søk

NæringOffentlegPlan

Mulighetsstudie Sykkeltrasé Voss sentrum
Mulighetsstudie Sykkeltrasé Voss sentrum

Voss sentrum ligg på ei flate, Vangen, mellom fjell, vatn og elv. Bustadområda ligg i bakkane rundt Vangen. Voss er lite i utstrekning, det er berre ein kort sykkeltur frå bustadområda til sentrum, skule, jobb og tog. Ved å gjere det lettare å kome fram med sykkel, kan ein få ein større andel folk til å nytte sykkel som miljøvennlig framkomstmiddel.

Mulighetsstudien set søkelys på løysingar i den sentrale delen av Vangen mellom Voss kyrkje og Sverresplass der biltrafikk, syklande og gåande kjem tettast på kvarandre.

Mulighetsstudien er utarbeida i samarbeid med Naturvernforbundet på Voss.

  • StedVoss, Vangen
  • StatusKonsept