Om prosjektet Lukk

Søk

Bustad Næring Plan

Kvartalet Uttrågata-Elvegata
Kvartalet Uttrågata-Elvegata

Reguleringsplan for kvartal i Voss sentrum. Kombinasjon av eksisterande bygningsstrukturar og nybygg.

Eit politisk mål for Voss Kommune er å fortetta i sentrum. Denne planen går inn som del av denne diskusjonen, med eit konkret forslag til fortetting i bakgården. I prosessen vart òg påbygg på eksisterande strukturar foreslått og diskutert. Antal etasjar, takformer og arkitektonisk uttrykk var viktige diskusjonstema. Hensynet til kulturminnevernet, gjenreisningsarkitekturen spesielt, vart utslagsgjevande for å avvente påbygg mot Uttrågata og Lekvemogata i påvente av ny sentrumsplan for Vangen.

Nybygga i bakgården er planlagt som to bygg på 6 og 7 etasjar. Dekket i bakgården er heva opp til plan to og er tenkt kobla til ein ny gang- og sykkelsti langs togbanen i nord. Dette området skal utformast som ope felles uteområde med leikeareal. Parkering vil væra under det nye dekket og i parkeringskjellar under bakken.

  • StedVangen, Voss
  • StatusGodkjend reguleringsplan