







Etterisolering og rehabilitering av kaldloft. Nytt inngangsparti.
Isolering av tak med miljøvenleg trefiberisolasjon og innredning av loft til kontor. For å knyte saman etasjane vart det bygd ny trapp. Den er i tillegg nytta som romdelar, sittemøbel, oppbevaringsplass og klatrevegg. Trappa gir lokalet ein heilt ny visuell karakter. Eit spel mellom lys og skugge som endrar seg gjennom dagen og årstidene.
Inngangspartiet er utvida og gitt eit nytt uttrykk. Dette skal tydeleggjere inngangspartiet og invitere inn.