preloader image
Søk Lukk

Søk

NæringOffentleg

Konkurranseutkast, utsiktspunkt ved Sivlesfossen
Konkurranseutkast, utsiktspunkt ved Sivlesfossen

Utkikkspunktet “Bergskuten” er forma som ei serie forskjellige plattformar i forskjellige høgder og størrelsar. Plattformane står på stolpar og er knytt saman av trepper, rekkverk og tak. Alle rekkverk er forma med utgangspunktet i 34 graders helling, men med ein variasjon i dimensjon og mellomrom. Dette gir forma eit dynamisk spel som vil forandre seg medan ein bevegar seg i og rundt konstruksjonen.

Me fann inspirasjon til forma i dei krokete lauvtrea som veks i skråninga ned mot elveleiet i området. Særleg bjørka har ei karakteristisk form med greiner som brått skiftar retning og deler seg, noko me kunne nytte i formgjevinga. Vår haldning til denne oppgåva var tilpassing og samarbeid med naturen heller enn spektakuler kontrast. Mange prosjekt langs norske turistvegar er i våre augo for sjølvhevdande og bråkete. Som alternativ til store skulpturelle objekt, ofte i betong, ville me gå i retning av eit fleksibelt byggesystem i tre som tilpassar seg den lokale topografien og dei funksjonane som trengs; utsikt, tryggleik, oppleving.

Konstruksjonen er inspirert av tre i naturen, men har ein tydeleg menneskeskapt karakter. Regelmessig geometri med høveleg vinkel 34 grader gjev karakter og balansert kontrast til naturen sine former. Den byggjer på få gjentakande element som vert brukt etter strenge reglar. Dette gir ein sterk geometrisk karakter saman med fleksibilitet. Fri form i planen gjev god tilpassing til lokal topografi. Utforminga gjev muligheit for tilpassing i fleire tydingar. Prosjektet har ei «opa form» som kan gjerast større eller mindre uten at den arkitektoniske kvaliteten taper på dette.

Utsiktsområdet er delt opp i fleire ulike sonar som innbyr til opphald for få personar på kvar stad. Me trur at mindre “flokk” gjev ei meir intens oppleving. Staden er og delt i mange ulike golv med trepper og skrå flater som vil skjerpa sansar og nærvær.

  • StedNærøydalen
  • StatusKonsept