Om prosjektet Lukk

Søk

Bustad

Hytte på Synstholmen utanfor Sotra
Hytte på Synstholmen utanfor Sotra

Totalrenovering av eksisterande hytte og nytt tilbygg. Takformer og arkitektonisk uttrykk fornya med fokus på tilpassing til terreng og landskap. Takvinkelen fyljer i stor grad hellinga på landskapet slik at ein unngår store fasadeflater mot sjøen. Eit stort vindauge i stova opnar seg mot utsikta i syd-aust. Delar av glasfelt i fasaden mot sjøen er og visuelt tona ned ved bruk av mobile spile-skodder som kan opnast og lukkast etter behov.

Vøling av naust med nye fasadar og tak. Nordfasaden kan opnast med vegg-panel som løftast opp og skapar ei overgangssone mellom ute og inne.

  • StedSynstholmen utanfor Sotra
  • StatusUnder bygging