preloader image
Søk Lukk

Søk

NæringOffentlegRestaurering

Gamlekinoen på Voss
Gamlekinoen på Voss

Gamlekinoen har høg arkitektonisk og historisk verdi for Voss. Bygningen betyr mykje for mange og må seiast å vera eit markant trekk i bygda sin identitet. Gamlekinoen vart teikna av arkitekt Leiv Tvilde og sto ferdig i 1957.

Fasilitetane i bygget har stort behov for oppgradering for å kunne legge til rette for teater, dans, alle sjangrar av musikk, kurs, møter eller konferanser. Samtidig er det naudsynt å ta vare på dei historiske verdiane i interiøret.

Gjennom ei grundig brukeranalyse kom me fram til løysingar som viser det store potensialet som ligg i bygget. Ved å ta i bruk aust-fløyen av tinghuset kan gamlekinoen få nødvending backstageareal, øvingsrom og garderobar. Eit anna alternativ er å ta i bruk underetasjen med heis og lett tilgjengeleg lager.

Salen får teknisk oppgradering, med AES system (Accustic Enhancement System) og ny scenerigg med scenelys og nausynt infrastruktur. Salen inneheld sitt opprinnelige preg frå 50-tallet. Me foreslår også tilbakeføring av stolane til noko tilnærma dei originale stolane fra 1957.

Me foreslår ei fleksibel løysing av scenen som gir mulighet for forskjellige oppsett til ulike arrangement, slik at salen kan fungerer både som konferansesal for 500 menneske og intim scene for td. jazzkonsert med servering.

Foajeen, som allereide er mykje i bruk, kan brukes daglig i sommar-sesongen som en kafe med uteserving på torget framfor tinghuset.

Me peiker og på potensialet til dei opprinnelege garderobane som var under salen. Lokalet har ei heilt spesiell stemning som kan minne om ein liten jazzbar frå 50talet, med lav himling og unik atmosfære. Dette bør tas med i utviklinga av bygget videre.

Ei oppgradering av Gamlekinoen vil gi Voss ei perle av eit bygg for kulturelle arrangement. Ei satsing på Gamlekinoen vil vise at Voss herad framleis frontar Voss som ei av norges viktigaste kulturbygder.  Me heiar på Gamlekinoen!

  • StedVoss
  • StatusMulighetstudie