preloader image
Søk Lukk

Søk

NæringOffentleg

Fjordloftet Granvin
Fjordloftet Granvin

Fjordloftet ligg i skjeringspunktet mellom natur og samfunn, mellom fjord og land. Her ender kaien og spora frå Granvinsbanen. Her møter Granvin resten av verda. Den nye kaien skapar ei fortseting i ein menneskleg skala. Den gir eit hint om ei ny forteljing. Dei viktigaste siktlinjene er dei lange linjene mot utsikten ut Granvinsfjorden i syd-vest og inn mot sentrum i nord-aust. Fjelltoppane og vasskorpa er karaktertrekk som kjem tettare på i aust. Viktige lokale klimatiske trekk er ettermiddagssola i syd-vest, og vinden som kjem inn frå same retningen. Den kan stå hard på, og er naudsynt å skjerma seg frå.

PRIORITERINGAR

Å SKAPE SÆREIGENHEIT
Ei forankring i lokal kultur og lokalt handtverk vil gi Fjordloftet ei særeigenheit og ein identitet som både gravensarane og vossingane kan identifisera seg med. Fjordloftet vert “litt mitt og litt ditt”. Veven har ein viktig plass i kulturarven i Granvin og på Voss. Rammeverket er strukturert og teknikken avansert. Med mjuke naturmaterialar kan ein skape ei verd av forskjellige mønster og uttrykk.Veven gir rammeverket til å skape sitt eige uttrykk – si form

Å FLETTE SAMAN
Fjordloftet skal ha ein samanbindande funksjon. Granvin og Voss skal flettast saman til eit teppe, ei korg.

Å FANGE MERKSEMDA
Fjordloftet skal vera forankra i Granvin sin kultur, men samtidig lokke til seg Vossingar og resten av verda. Å fange merksemd er difor sentralt. Fjordloftet bør difor vera synleg frå djupvasskaien.

Å OPPLEVE
Å “gå om bord” i fjordloftet skal vera oppleving i seg sjølv. Det er denne opplevinga som skal trekke folk dit. Dei praktiske funksjonane er viktige, men kjem i andre rekke.

Å VÆRE BÆREKRAFTIG
Bruk naturlige materialer som tre og bygge med små inngrep i naturen med respekt til nåværende situasjon. Skape møteplass mellom menneske og menneske og naturen.

  • StedGranvin
  • StatusKonsept