I 2019 kom familien frå Bergen med ei ønskeliste til Bruket arkitektur på Voss. Ei familiehytte på Mjølfjell med lys, sikt og god plass til å ha besøk.

– Her traff de klokkereint, seier Odd Frode Wold og peiker ut av vindauga i stova. Frå det eine vindauga til det andre kan blikket følga fjellkjeda Raundalsryggen på andre sida avdalen. Lia er kobberfarga, toppane dryssa med årets fyrste snø.

I Groadalen på Mjølfjell i Voss, eit stykke opp lia frå Reimegrend togstasjon, ligg den nye hytta til familien Wold Haave. For mange er det å byggje si eiga hytte livets aller største investering. Vi tok ein prat med dei om korleis dei har opplevd prosessen frå idé til ferdig hytte.

– Vi ønska oss at hytta skulle vera stor nok til å ha besøk. Men og at den skal vera triveleg når vi berre er oss to, seier Hilde Haave.
Hilde og Odd Frode er foreldre til tenåringane Vilje og Eir. Hytta er og laga på både dei vaksne og ungdomane sine premisser.
– Vi ville at ungane skal ha glede av å vera her, og at dei og kunne ta med seg vener. Då er det ikkje så kjekt å sitja knødd oppi foreldrene heile helga, så dette måtte vi og finna ei løysing på. I tillegg var ljos og luft høgt på ønskelista, fortel Hilde.

Desse ønskene hadde familien klare då dei kontakta Bruket Arkitektur på Voss.

– Kvifor valde de å bruka arkitekt når de skulle byggja hytte?
– Vi starta med rimeligste løysing, å sjå på ferdighytter på nettet. Vi brukte mykje tid på dette, men ingen av dei passa heilt til våre ønsker. Vi forsøkte å teikna om på dei, men det endte fort i både dyre og dårlege løysingar. Det vart rett og slett for mange kamelar å svelga. Vi byrja derfor å sjå etter arkitektkontor. Dei i Bergen var dyre, og hadde heller ikkje folk på Voss. Derfor kontakta vi dykk i Bruket.

– Korleis gjekk planleggingsfasen føre seg?
– Vi kom til arkitektkontoret med ei ønskelista. Her synes vi at vi blei møtt på ønskene våre, og fekk lov å påverka byggjeprosessen og gjera tilpassingar undervegs. Vi fekk til dømes velga alle overflater, og gjera ein god del eigeninnsats. Kjøkenet vart tilpassa til innredning vi sjølv kjøpte inn.

– Korleis gjekk bygginga?
– Vi var ofte på tomta i helgene under prosessen. Vi tykte det var kjekt og engasjerande. Slik oppdaga vi ein del endringar vi ville ha undervegs, og vi var glade for at de var veldig fleksible! Vi omrokkerte på nokre soveplassar og bodplassar, og det som skulle vore vaskerommet vart til ein inngang og bod. Kjellarlemmen vart og teke litt på sparket. Arkitekt Sindre sveitta nok litt, men han fekk det til. Vi merka at det var god kommunikasjon mellom arkitekt og dei som bygde. Det er nok ein stor fordel at arkitektane held til på Voss og har gode kontaktar til handverkarane.

– Nevn nokre gode ting ved hytta!
– Ho går fint inn i terrenget med fargane, spesielt no på hausten. Stova er min favorittstad, på grunn av lyset og utsikta. Eg finn skikkeleg roen der. Det er veldig praktisk med ein ekstra bod og inngang, der vi kan trampa rett inn med skisko og det heile, og kle av oss der før vi går inn i sjølve hytta, seier Odd Frode.
– Benken i vindauga er den beste plassen i heile hytta. Her kan eg sitja lenge. Og at vi får naturen så tett på oss, den kjem liksom heilt inn i hytta. Loftstova er eg og veldig glad for, det er ein fin stad for ungdomane å vera, seier Hilde.
– At vi kan ta med vener hit, og at det går an å ta toget hit er veldig kjekt, seier Eir.
– Eg likar soverommet, seier Vilje. – Når eg vaknar om morgonen, er trea heilt inntil meg, utafor vindauga. Det kjennes som å liggja i telt. Berre meir komfortabelt.

– Nevn nokre ting de ville gjort annleis!
– Svart golv i gangen var ikkje så smart, det viser skit og støv veldig godt. Kjøkenet er litt trangt, og luka til kjellaren vart kanskje ikkje den beste løysinga. Men alt i alt er vi svært nøgde, seier Odd Frode.

Hytta er bygd med ein uvanlig vinkel, med ein knekk midt på, for å gje mest mogleg ljos og le for vinden. Morgonsola kikkar inn stovevindauga på austveggen, og går sin gang gjennom stova sine store vindauge til den synker i vest. På den vestvendte terrassen kan ein nyta kveldssola, utan vind, og vert det for kaldt ute, er det kveldsljos inn i stova også. Bygget er meint å passa inn i omgjevnadane. Hytta ligg inn i bakken og no seinhaustes går panelet nesten i ett med fargane på lyng og strå kring henne. Familien tykkjer hytta føles større enn ho er. 119 kvadratmeter er utnytta mest mogleg. I tillegg til ei stove med stor høgde under taket, er det teikna inn ein hems med loftstove, der ungdomane kan trekkja seg tilbake.

– Spesielt på grunn av takhøgda i stova, kjennes hytta ganske luksuriøs. Den er nesten finare enn huset vårt i Bergen, seier Odd Frode og ler.

No er det ikkje mange veker att før skisesongen. Men familien brukar hytta året rundt.
– Vi er vorte veldig glade i både hytta og området. Når vi har lagt så mykje tid og krefter i å byggja slik vi ville ha det, kjennes det ekstra fint å vera her, seier Odd Frode.

– Har de nokre råd til andre som skal gå i gang med å byggja sitt eige?
– Bruk tid på prosessen før teikningane. Tenk nøye gjennom kva de ønsker og treng av bygget, og lag ei liste over behov som de kjem med til arkitektkontoret. Det aller viktigaste for oss var at de arkitektar forstod behova våre og tok omsyn til dei, men og at de hjalp oss å definera dei behova. Vi hadde ingen tidsfrist, derfor kunne vi bruka ein god del tid på det før hytta vart teikna. Det er og viktig å finna eit arkitektkontor med ein stil som ein sjølv likar. Vi starta med å sjå på ferdighus, men er veldig glade for at vi endte med å velga å bruka arkitekt, seier Hilde.

Arkitekt Sindre Reime frå Bruket Arkitektur har teikna hytta på Mjølfjell. Han trekk fram viktigheten av at alle ledd har eigarskap til prosjektet, og at lokalkunnskap er viktigare enn mange trur.

– Kva lærte du mest av i prosjektet og prosessen?
– Dialog mellom arkitekt, kunde og byggmester tidleg. Og god dialog heile vegen. Me snakka mykje med tømraren om korleis me skulle bygge detaljane. Dette gav utførande eigarskap til prosjektet.
– Kva vil du trekka fram ved det ferdige bygget?
– Kontrasten mellom den store opne stova, og den intime loftstova. At det klaffa så bra med forma og utsikten – det å få alle fjelltoppane inn vindauga. Det er så masse er eg nøgd med i dette prosjektet.
– Kva råd vil du gje til folk som vil byggja hytta si sjølv?
– Ferdighytte i bratt vestlandsterreng blir ofte utfordrane. Vurder ei plasstilpassa hytte. Arkitekt kan tilpasse utforminga etter dine behov. Tenk godt gjennom behov og ynskjer før du startar.

Alle bilete er tatt av fotograf Ingerid Jordal